
Småbåt Marina As
Drift av Marina med utleige av båtplasser.
Eigarane bak Fitjar Småbåt As har inngått avtale om å overta Jostein Sandvik si båthavn på Fitjar frå 1.September 2025.
Småbåt Marina AS vil frå denne dato stå for drifta av båthavna på Kalveid.
Dette vil vera eit etterlengta supplement til tenestene i Fitjar Småbåt As, og gje oss muligheten til å tilby det kundane våre eit endo breiare spekter av tenestar.
Dette er ein gledens dag for oss, og me er takknemlige for å bli gitt tilliten til å drifte å vidareutvikle denne veldrevne båthavna, seier dagleg leiar Kjetil Grimen.
Båthavna som frå no vil gå under namnet Småbåt marina på Kalveid, vil verta vidareutvikla til beste for båteigarar sine behov og vår drift.
Det er sett i gang teikning og søknadsarbeid med tanke på utviding av parkering, betre tilrettelagt båtopptrekk, redskapsboder for utleige, og ymse andre tiltak.
Når godkjenningar er på plass vil brukarane av havna oppleve utviklinga litt etter litt.
Det fyrste som vil verta gjort, er forbetring av parkeringsareal og båtopptrekk.
Småbåt marina på Kalveid, vil etter kvart bli integrert på Fitjar Småbåt si nettside, slik at ein kan finne den informasjonen ein treng.
Der vil det bli mulig å bestille båtplass om ein har behov for det.
Grimen takkar Jostein Sandvik for den gode jobben som er gjort med båthavna gjennom mange år. Det er laga eit svært godt grunnlag for at me no skal kunna tilby kundane våre eit komplett tilbud for båtane deira, både på sjø og land året rundt.